Skrivetips

Vite noko om det du skriv om.
Visste du at nokre forfattarar bruker nesten meir tid på å finne ut fakta om det dei skal skrive om, enn på å skrive?
Eg synest at det kjekkaste med å skrive er å finne historier og fakta. I boka mi, Elise og mysteriet på hesteklinikken, bok to i hestebokserien om Elise, las eg mykje om korleis dyrlegar levde i gamle dagar. Dei studerte i København, og for å få kome inn på dyrlegeskulen i København, måtte faren din vere anten bonde eller smed. Berre menn fekk bli dyrlegar, og dei fekk frykteleg dårleg lønn.
Når eg skreiv bok tre om Elise, las eg gamle bygdebøker fulle av historier om svarte damer som spøker, om skip som går ned og om islandshestar. Det er frykteleg spennande, av og til blir ein sittande å lese mykje meir enn ein treng, og mange av historiene du finn i gamle bøker kan du putte inn i di eiga historie. Det er heilt lov å stjele, eller låne historier og skrive dei om, men du bør ikkje kopiere.
Dessutan besøkte eg ei øy langt ute i havet. Kvifor? Fordi då kan eg skrive om korleis det er å bu på ei slik øy, og korleis livet er der ute. Eg veit korleis det luktar der, korleis veret er og korleis det ser ut. Dessutan får eg møte, og kan beskrive, alle dei ville dyra som lever der. Miljøet i boka blir realistisk.
Så hovedtipset i denne artikkelen er altså: det er lurt å gjere research, anten du gjer det ved å lese og søke på internett, eller om du gjer det ved å oppleve ting sjølv.
Kvifor er dette gode tips?
Det blir mykje kjekkare å skrive når du skriv om noko du kan.
Du lærer masse nye ting.
Teksten din blir kort sagt betre, og difor meir interessant å lese.

Korleis trur du din yndlingsforfattar eller favorittbloggar blir så god?
Tenk over: kva trur du forfattaren av di yndlingsbok måtte lære seg noko om før han eller ho skreiv boka? Korleis trur du forfattaren fann fram til denne informasjonen? Prøv å gjere det same sjølv med historia du vil skrive.
Sjå korleis gode bloggarar skriv. Kva er det som gjer at du liker bloggaren? Lær deg metoden bloggaren bruker. Er han eller ho berre ekstremt god på å fortelle, eller har dei veldig god peiling på det dei skriv om? Det er alltid lurt å sjå på kva ein kan lære av dei du synest er gode. Ha forbilder.
Opplev det du vil skrive om.
Mange forfattarar reiser mykje. Det er fordi det er lettare å skrive om stader der du har vore sjølv. Du veit korleis det luktar der, korleis landskapet er og kva folka som bur der driv med.
Nokre forfattarar prøver også ut det dei skal skrive om. For eksempel prøver korleis det er å køyre veldig fort i motorbåt, om dei skal skrive om nokon som gjer dette, eller reiser på besøk i eit fengsel, om dei skal skrive om ein person som sit i fengsel. Det er ikkje så lett å tenke seg til korleis det er å vere i fengsel om ein ikkje har vore der sjølv.

Føl det på kroppen
Då eg skulle skrive den nye boka om Elise drog eg på besøk til eit stort, gamalt hus der dei sa at det spøkte. Og så overnatta eg der. Eg vart skikkeleg skremt, det gjekk ein skugge utanfor døra og eg sov nesten ikkje. Etterpå var det veldig lett for meg å skrive om kor skummelt det er å overnatte i eit hus det kanskje spøker i. Det ein har opplevd sjølv, er det enklare å beskrive. Det blir meir ekte i teksten fordi du veit korleis det er.
Men eg vil aldri meir overnatte i det huset.
Om du skal skrive ein stil om ein travhest kan du besøke ein travstall, sjå korleis dei steller hestane og korleis dei trener dei. Så kan du spørje trenaren om alt du treng vite for å skrive om travhestar. Hugs å kjenne på lukta. Korleis luktar det i ein travstall? Er der varmt eller kaldt? Korleis ser golv og veggar ut? Sånne ting er viktige for å gi liv til ei historie.
Boka mi Elise og mysteriet på hesteklinikken er basert på hesteklinikken på veterinærhøgskulen. Den har eg vore mykje på, som student, og eg veit nett kor skummelt det er å gå vakt der midt på natta når det er heilt mørkt, og berre nokre få lamper lyser. Bygningen er jo eldgamal! Der ha det skjedd mykje, og det er lett å sette fantasien i sving. Eg har overnatta der også, og det var litt skummelt å vere der heilt aleine. Sidan boka er ei hestebok og handlar om ein ekte hesteklinikk, er det viktig at eg veit korleis det er der.

Det skal ver gøy å skrive og gøy å lese
Kvifor er det lurt å oppleve det du skal skrive om?
Du opplever noko nytt og lærer noko nytt. Det er ein bonus.
Du kan skildre det veldig verkeleg med lukt, lydar og fargar.
Den som les vil oppdage at du kan masse. Han vil difor tru på det du skriv. Det er kjempeviktig at lesaren trur på historia di, eller aksepterer den. Om du for eksempel skriv fantasy må du lage eit univers som heng saman, logisk. Dette høyrest kanskje vanskeleg ut, men det er berre å prøve seg fram. Øving gjer meister.
Lesaren synest det er spennande fordi han merker at du kan mykje.
Tenk over: kva trur du forfattaren av di yndlingsbok, eller yndlingsteikneserie, har opplevd for å kunne skrive denne boka? Kva forfattarar har opplevd i livet sitt er veldig viktig for kva bøker dei skriv. Kva vil du skrive om som du har opplevd? Eller kva vil du skrive om som du ikkje har opplevd enno? Finst der mogelegheiter for at du kan oppleve det?
I mine bøker skriv eg om ting eg har opplevd. Det kan difor beskrivast veldig realistisk. Alle hestepasientane er for eksempel ekte.

Jungeltriks nummer ein! Teikn det du vil skrive om.
Visste du at nokre forfattarar teiknar det dei skal skrive om? Nokre tek eit kjempestort ark og så teiknar dei handlinga, eit og eit kapittel, med pinnefigurar. Ikkje alle forfattarar, sjølvsagt, forfattarar er veldig ulike, men eg skal forklare deg kvifor dette er eit godt tips: medan du teiknar, kjem du på nye idear.
Om du vil skrive om ei dame som bur på eit slott, kan du teikne slottet og dama. Medan du teiknar får du stadig nye idear til korleis kjolen kan sjå ut, eller kanskje du ser føre deg at ho har masse påfuglar i hagen.
Så blir teikninga meir og meir detaljert, og til slutt har du masse, masse du kan skrive om. Du kan bruke vassfargar, teikneprogram på pc eller tusj og blyant. Det bestemmer du sjølv. fantasien din blir aktivert av at du teiknar.
Om du hatar å teikne, er dette uansett ingen god ide. Hugs at du må bruke dei tipsa som fungerer for deg. Elles blir det frykteleg kjedelig å skrive
Du kan også teikne handlinga di i teikneserie. Du vil oppdage at når du ser handlinga framfor deg som teikningar, utviklar fantasien din mange nye idear. Og fordi desse teikningane er berre dine, kan du teikne akkurat det du vil.
Prøv!
Prøv å teikne den neste historia du har tenkt å skrive. Fungerer det?
Prøv også å oppsøke stader eller situasjonar du har lyst til å skrive om: lukt, lyd, lys og miljø. Du treng ikkje dra til verdas ende, kanskje treng du berre gå ut i din eigen stall og legge godt merke til detaljane. Eller skrive dei ned fordi desse kan du frå før.
