Annika, Lea Rolita og Sugar:o)
Eit glimt frå kvardagen vår...
Utstyrshopping
[fet]Eg brukar vere ganske flink når det gjeld utstyrshopping, for stort sett treng eg ingenting for tida... Men når det er sal overalt, er det vanskleg å holde seg unna nettbutikkane. Då er det iallfall kjekt at det ein kjøper er vellukka, og kan brukast omtrent dagleg[/fet]Dekkenkjøp
Hööks hadde romjulssal, og som dekkenhest, treng Sugar litt å bytte på - det høres iallfall fornuftig ut. Når det dukkar opp eit bra utedekken med 250 gram fyll til 450 kr, så klarte eg ikkje la vere handle. Og det visste seg å vere akkurat passe varmt i temperaturen som har vore no i slutten av januar. At det var lillarutete - ikkje heilt min favoritt - får så vere. Eg klarte å la vere å kjøpe det brune vakre eg kom over i går, til den nette sum av 729,- Uansett er det kjekt med snille dekkenprisar når ein har dekkenhest! Og når eg tenker tilbake på dei første dekkena vi hadde til Sugar, jøss for ei utvikling og eksplosjon det har vore på variantar, passformer osv dei siste åra... Flott!Refleks til to- og firbeinte
Men når eg då var i gang å handle, var det liksom så kjipt å ikkje fortsette.. Så då fann eg ut at Sugar trengte jo kanskje litt refleks. Uansett er det sånn som er kjekt å ha, så i går bestilte eg refleksfortøy, refleksgrime og refleksbandolær til oss tobeinte. Gler meg til det kjem, håper berre det kjem før mørketida er over då - men så lenge som det er mørkt, er vel ikkje det noko problem...Ooops - endameir?:p
Når eg bestilte refleks, skulle eg også kjøpe ein ny sjabrak, men fann ingen eg likte... Så går eg inn på nettsida i dag, og finn dressursjabrak til halv pris. Arg! Sendte mail Hööks, i håp om at dei kan føye på bestillinga som blei sendt i går. Så fåreg berre vente å sjå kva som dukkar opp i posten:p Det er kjekt å shoppe litt til dei firbeinte også;pDu må være logget inn for å kommentere denne bloggen!





14.02.2008 10:31