Køyretur med Ninni
[fet]På søndag var eg med Julianne på køyretur opp Ulsteindalen med Ninni. Ninni står for tida på beite på Ulstein, saman med Frimann - for Inge har hjelpt Juli med å køyre inn den vakre dama (Ninni altså). Det er ca fjorten dagar sidan første gang ho blei spent for vogn, og eg er imponert over det kalde hovudet til den hesten![/fet]
Over: Frimann og Ninni
Ingen tvil om at både Ninni og Frimann kan kunsten med å marinere seg i mold og gjørme, sjølv om der ikkje er mykje å marinere seg i. Synes ikkje så godt på Frimann, men Ninni har skifta litt farge ja...
Frimann er forresten gamlehesten min, født heime på garden i Brandal, ute i det fri, derav namnet Frimann. Han har blitt ein gammal herremann no, 17 år, men ser fortsatt ung og frisk ut. Alltid kjekt å sjå han igjen:)
Den andre hesten til Inge, ei hoppe e. Kim Hero. Alt eg veit;)
Får legge ut resten av bilda seinare i dag, eller du kan titte innom her for å sjå dei: [link=http://annika81.blogspot.com]annika81.blogspot.com[/link]. No må eg visst jobbe;)
14.08.2007 19:06