Annika, Lea Rolita og Sugar:o)
Eit glimt frå kvardagen vår...
Kva feilar det Lea? (utvida versjon)
Lea er sjuk, og vi tobeinte er bekymra... No ventar vi på blodprøveresultat, håper dei gir svar, viss ikkje - er vi heilt blanke!
Historia er lang, Lea har vore dårleg i snart tre veker, og eg har vore i kontakt med fire veterinærar, to hovslagarar, mykje hestefolk og lest side opp og side ned på internett... Framleis står Lea utan noko diagnose... Vi har vore innom mange mistankar, men alt har blitt avkrefta, unntatt ein - som vi no ventar svar på.
Dersom du vil lese kortversjonen av sjukdomshistoria, finn du den her.
Oppi alt har eg ikkje vore flink å ta bilder av det som skjer, men eg har fått dokumentert alt i dagbok dag for dag, og det er greit å sjå tilbake på i ettertid.
Heile historia, dag for dag
Onsdag 24. juni
Det heile starta onsdag 24. juni. Når vi tok inn hestane frå beitet på kvelden, var Lea halt, i høgre bakfot. Ho ville knapt trakke ned på foten. Det første som slo meg var forfangenheit, og utifrå kor vondt Lea hadde, valde eg å kontakte dyrlege.
Veterinær var på besøk onsdag kveld, utan å finne noko, men mistenkte hovbyll. Hovslagaren kom, drog av skoen, men fann ingen hovbyll. Veterinæren trudde ikkje det var forfangenheit, som eg først tenkte.Ingen teikn på det, i tillegg startar det gjerne i framføtene, sa veterinær.
Ingen teikn til verken hevelse, varme hovar, auka puls, vonde ledd eller noko. Ikkje feber, og fin allmenntilstand.
Ingenting å sjå i hoven heller, men skjærte ikkje nedi. Ville prøve å la ein eventuell byll kome meir ned av seg sjølv, iallfall først. La på grønsåpeomslag over natta.
Uteboks for Lea
Torsdag 25. juni
Fekk metacam (smertestillande) til Lea, for å sleppe unna verste smerten, så ta helga til hjelp for å sjå.
Metacam hjalp heldigvis godt og raskt.
Fredag 26. - søndag 27. juni
Satt opp eit lite gjerde til Lea for seg sjølv, slik at ho verken fekk plass til å gå eller springe om ho skulle bli frista til det.
Nabo til stallen hadde observert hoggorm nær beite dagen før, så eg ringte veterinær for å høyre om det kunne vere hoggormbitt, men det hadde han ingen tru på, sidan der ikkje er noko hevelse å sjå.
Søndag såg eg at Lea avlasta litt venstre bakfot. Håpte eg innbilte meg det. Ga ho Metacam når ho kom inn, og ting såg greit ut.
Halt i motsatt bakfot?
Måndag 29. juni
Snakka med veterinær tidleg på dag. Det var normalt at ho avlasta motsatt bakfot, om ho hadde overbelasta den no. Veterinær var litt rådvill, men vi blei enige om at eg skulle snakke med hovslagar om eventuell hovbyll, for så å ringe opp igjen veterinær seinare.
Hovslagar kunne gjerne kome ein tur, men var sjølvsagt på ferie til neste veke. Han har måleapparat for temperatur i hoven, slik at han kan lokalisere ein eventuell hovbyll. Avtalte at han skulle kome når han var tilbake frå ferie.
Då eg kom i stallen var det ikkje tvil, Lea avlasta like mykje venstre som høgre bakfot. Ææææ! Eg vart heilt fortvila, trudde igjen at det kunne vere forfangenheit eller noko anna fælt, og visste ikkje kva eg skulle gjere.
Ho vegra seg for å gå frå beite og inn i stallen igjen.
Ringte veterinær, som syns alt hørtes ut som forfangenheit no, han var omtrent sikker i si sak verka det som, og då var ikkje det mykje håp meinte han. Stallbesøk morgonen etter.
Same kveld snakka eg med Janita (eigar), som hadde fått tips av Nina (mora), kanskje det kunne vere borrelia-smitte (etter flåttebitt)? Snakka med fleire, som meinte at det var ikkje umuleg. Lea har alltid hatt mykje flått på seg. Blei enig med Janita om å be om blodprøve når veterinæren kom dagen etter.
Var i stallen igjen eit par timar etter Lea hadde fått smertestillande, og ho hadde tydleg vondt no også. Var ikkje så mykje å gjere, anna enn å vente på veterinær igjen i morgon.
Veterinærbesøk
Tysdag 30. juni
Som avtalt blei det veterinærbesøk tysdag.
Det første veterinæren sa, før han hadde sett hesten, var at det hørtes mest ut som ho var forfangen. Men når han hadde sett på hesten ei stund, kom orda “Nei, forfangen er ho iallfall ikkje.” Og det var iallfall godt å få høyre.
Han hadde ingen tru på borrelia-smitte, men sidan eigar (Janita) ønskte det, skulle han sjekke opp litt om det, og kome tilbake i morgon for å ta blodprøve. Måtte vite type blodprøve og kor den skulle sendast først. Derfor kunne han ikkje ta den dagen.
No var Lea meir stiv i bakparten enn halt. I staden for å snu seg i boksa, rygga ho for å flytte seg. Det såg nesten ut som krysslammelse, utan at det var teikn på det. Vanskleg å forklare... Fortsatt også litt halt i venstre bakfot.
Sit det i ryggen?
Onsdag 1. juli
Veterinæren her hadde diskutert saka med ein kollega i Nordfjordeid, og komt fram til at det hørtes ut som det kunne sitte i ryggen/bekkenet.
Ingen har vore borti borrelia på hest, og hadde dermed lite tru på at det kan vere det.
Sit det i ryggen, treng ho ro og tid, eventuelt besøk av ein veterinær med kunnskap om kiropraktikk.
Lea verka litt bedre denne dagen, men er fortsatt stiv, så kanskje er det ei låsning eller ei utgliding ein plass…
Veternær ville vente med ei eventuell blodprøve til eg hadde snakka med hestekiropraktor.
Besøk av veterinær/hestekiropraktor
Torsdag 2. juli
Veterinær og hestekiropraktor var på besøk torsdag, og undersøkte Lea grundig. Ho fann ein del i bekkenet, ein strekk eller noko der, men vanskleg å seie kva det kom av. Ei traume av eit slag - fall på beite?
Eg fekk ein del øvelsar og tips til vidare behandling.
- Massere med Arnika-gel kvar kveld
- Strekke og bøye, både bein og nakke, samt "ryggløft"
- Spasere ein liten tur kvar dag
Sidan skoen på høgre bakfot blei dregen av første kvelden, blei Lea sårføtt på den foten, og det var litt vanskleg å gå pga det, syns Lea.
Nye sko og ferdig med metacam
Måndag 6. juli:
I går var siste dag med Metacam (smertestillande).
Fikk nye sko på alle bein, så no er ho iallfall ikkje sårføtt. Det gikk greit å sko ho, men ho måtte ha litt ekstra tid på seg sidan ho er stiv både her og der.
Fikk også sjekka om hovbyll, noko som ikkje var teikn til.
Sidan Lea blei styra ganske mykje med i samband med skoinga, tok eg det litt rolig med å gå tur, men masserte, stretcha og kosa som vanleg på kvelden.
Fortsatt stiv, kanskje litt bedre?
Onsdag 8. juli:
Både tysdag og onsdag har Lea vore stiv om morgonen, men etter ein dag på beite (i rørsle), har vi knapt kunne sett at ho har vore stiv. Har gått små turar med ho, massert, stretcha og kosa begge kveldane, og ho ser etter forholda fornøgd ut.
Får håpe det fortsett slik!
Lea blir verre...
Torsdag 9. juli:
Eg var ved godt mot, og trudde alt skreiv seg frå bekkenet, og at det var på god vei til bedring… Men torsdag 9. juli var Lea tydleg verre, no var ho også halt/dårlig i høgre framfot…
Fortvilelsen greip meg igjen no. Kva er det som feilar stakkars Lea…?
Sidan ho hadde tydlege smerter, snakka eg med veterinær igjen. Eg fekk finadyne (smertestillande) til ho, så eg fikk gitt same kveld, og eventuelt dagen etter.
Fekk metacam (smertestillande) til ho på fredag, så ho skulle få gjennom helga.
Ventar på veterinærbesøk over helga, for å få ta blodprøver om mellom anna borreliose. Held nok ein knapp på at det verkar som det er det Lea har, vert spennande med svar på blodprøvene.
Har lest mykje desse dagane, om diverse sjukdommar. Ein av dei interessante artiklane er ein artikkel på Veterinærinstituttet sine sider, om borreliose.
Vondt å sjå Lea slik...
Måndag 13. juli:
Intet nytt å meddele frå helga. Så lenge Lea får metacam, har ho det etter forholda bra, men eg får berre så vondt av å vite at ho ikkje har det godt, og så frustrert over å ikkje få eit svar snart. Ikkje kan ho stå ubegrensa på metacam heller…
Blodprøver - vi ventar...
Måndag var veterinær på plass igjen, og undersøkte Lea grundig, snakka med veterinær/hestekiropraktor for å høyre kva ho fann og trudde, og tok blodprøver for diverse, mellom anna borreliose.
Blodprøvene er sendt til Veterinærinstituttet for analysering tysdag. Kjem svar på dei “vanlege” blodprøvene utpå dagen i dag, onsdag.
Borreliose-prøvene blir sendt vidare til utlandet truleg, så svaret på desse vil ta litt meir tid.
Vi ventar i stor spenning! Og ikkje minst med eit stort håp, om at blodprøvene gir eit svar raskt!
Kva feilar det Lea?
I tillegg til alle desse smertene som flyttar seg rundt i kroppen til Lea, har Lea begynt å klø veldig, over heile kroppen. Mykje meir enn det som er normalt for ho.
Einaste knaggen vi har å henge dette på, er borreliose, som i følge Veterinærinstituttet sine sider "innbefatter leddsmerter og bevegelsesproblemer, men man kan også se allmennpåkjenning med nedsatt matlyst, nedstemthet og feber."
Men det er fortsatt ikkje sikkert at det er det, før vi har fått svar på blodprøvene. Vi er nok fleire som hallar mest til å tru det, men veterinærane er meir skeptiske til det, sidan dette er ein så sjelden sjukdom.
Antibiotikabehandling mot borreliose er ei ganske hard behandling for ein hestemage, så det er ikkje "berre berre" å starte behandling for dette heller, men med nokre forhandsreglar og førebygging, ser det ut til at det vert å starte med antibiotika i kveld, ei kort behandling i første omgong, å sjå om det gir noko effekt.
Antibiotikaen må setjast intravenøst, noko som gjer at vi må ha veterinærbesøk kvar dag.
Dersom nokon har tankar om andre sjukdommar dette kan vere, vert eg glad for tips, så vi kan forske nærmare på det... Og om nokon har erfaring med borreliose på hest, ta gjerne kontakt:)
På køyretur i vår - slik eg helst vil sjå Lea - frisk og glad...
Du må være logget inn for å kommentere denne bloggen!







21.07.2009 13:04
16.07.2009 23:29
16.07.2009 22:29
16.07.2009 20:09
16.07.2009 19:42
16.07.2009 15:43
16.07.2009 15:42
16.07.2009 14:59
16.07.2009 13:57
16.07.2009 11:09
16.07.2009 11:05
16.07.2009 10:57
16.07.2009 10:44
16.07.2009 09:23
16.07.2009 09:11
16.07.2009 07:15
16.07.2009 02:55
16.07.2009 00:28
16.07.2009 00:18
15.07.2009 23:59
15.07.2009 23:34
15.07.2009 23:07
15.07.2009 22:48
15.07.2009 22:36
15.07.2009 22:25
15.07.2009 22:05
15.07.2009 21:55
15.07.2009 21:50
15.07.2009 21:44
15.07.2009 21:12
15.07.2009 21:07
15.07.2009 20:58
15.07.2009 20:49
15.07.2009 20:28
15.07.2009 20:17
15.07.2009 20:14
15.07.2009 19:46
15.07.2009 19:40
15.07.2009 19:40
15.07.2009 19:32
15.07.2009 12:17
15.07.2009 12:06
15.07.2009 11:43