I forbifarten:Liv Jorunn Nyhagen
Alder: 31
Bosted: Volda på Sunnmøre
Sivilstatus: Trulova/sambuar
Yrke: Journalist
Gren: Eg startar mest dressur (MB/MA-nivå), men konkurrerer også i sprang (90/100cm), feltritt (knøttecup) og køyring (MB/MA-nivå).
Klubb: Representerer for tida for Eid ride- og køyreklubb av praktiske årsaker, men er sjølvsagt også medlem i "hjartebarnet" Volda rideklubb, der eg har vore medlem sidan oppstarten i 1996.
Blogg på hest.no: LivJorunn
Når begynte du å ri, og hvorfor?
Eg har alltid vore fascinert av hest, og deltok på mitt første ridekurs då eg var åtte år (slike kurs vaks ikkje på tre heromkring). Då eg var elleve kom min første hest til gards (ein toåring som eg reid og køyrte inn sjølv). Eg elskar å springe fort og hoppe høgt, det gir meisteringskjensle og fridom. Og ingenting er som å sette seg på hesteryggen og "rømme" frå ein elles tettpakka kvardag.
Hva het din første hest?
Stjerne Prinsen. Han var ein kjekk liten nordlandshest som eg utdanna sjølv som konkurransehest innan dressur (LB/LA), sprang (90/100cm) og gymkhana. Etterkvart vart han også innkøyrt. Dessverre fekk han forfangenheit som sjuåring, og måtte forlate oss.
Hvor lenge har du ridd aktivt?
Sidan eg var elleve.
Hvor mange hester har du?
Per i dag har eg to, men det har vore tre på det meste. Eg skulle gjerne hatt fleire, men å kombinere full jobb med full konkurransesatsing og mykje reising er ikkje berre-berre.
Hvem er din beste nåværende hest?
Fjordhingsten Pokemann (15) er nok min beste hest, trass i at oldenburgervallaken Birkeholms Thoke Patsijon (12) går øvingar til eit høgare nivå i dressuren. Pokemann er stabil og ærleg (om enn litt lat), og løyser stort sett alle oppgåver han vert førespegla så godt han kan. Han konkurrerer også i tre greiner samstundes, mot Thoke sine to.
Hvor sær er den?
Eg vil ikkje seie at Pokemann er sær, der har nok Thoke langt meir å vise til (haha). Men Pokemann trivast best i vinterhalvåret, og kan bli litt daff på sommaren.
Hvilken hest har gjort størst inntrykk på deg?
Gjennom våre 13 år saman, har eg og Pokemann opplevd mykje. Vi har gjort ting eg berre trudde gjekk an å drøyme om, og vunne fleire titlar og premiar enn eg kan telje. Han kan leie 17.mai-toget eller gå på ridekurs med åtteåringar den eine dagen, for så å sanke meisterskapstitlar den neste.
Ein annan hest eg må nemne er fjordingen Perle Prins, som eg hadde på fôr i to år på vidaregåande. Eg var langt frå noko fjordhestmenneske i oppveksten, men han fekk opp augene mine for denne flotte norske rasen, og viste meg at det slett ikkje var ein daff traktor.
Hvordan reagerer folk når du starter en fjordhest i høyere klasser?
Eg har berre høyrt positive tilbakemeldingar til no. Det er ikkje alle med dyre ridehestar som blir like glade for å bli slått av ein fjordhest i MB sjølvsagt, men eg har eigentleg berre fått hyggelege kommentarar og møtt gode haldningar. Og publikum fyl jo gjerne litt ekstra med når det kjem ein liten gul inn på bana.
Hva er den største forskjellen på å ri og trene en brun og en gul?
Mykje er likt, men der er òg nokre skilnader. No er hestane mine ganske like i temperament, litt bedageleg anlagt begge to, så grunntanken er den same i treninga av begge: fokus på tempo og sjølvbæring.
Thoke har hatt lettare for å lære seg bytter, noko som har verka positivt inn på arbeidet med å lære Pokemann det same. Og medan Pokemann alltid leverer "varene" stabilt, så kan Thoke "frike ut" over filleting – gjerne midt i ein konkurranse. Då blir ein flink til å tenkje brannsløkking, for å redde dei poenga som reddast kan.
En hest du gjerne skulle eid?
Her er det vel fort gjort å skrive Valegro eller Totilas, men eg er òg veldig svak for Damon Hill. Og blant spranghestane måtte det vere Milton, som var ei legende i min barndom.
Hvem er ditt største forbilde?
Trur ikkje det er ein person som merkar seg ut. Det er så mange flinke hestemennesker å ta av der ute… Kyra, Anky, Charlotte, Carl, Edward, Rolf Gøran, familiane Whitaker og Pessoa. Eg vil elles seie meg imponert over den norske kusken Øyvind, som verkeleg har vore ute i verda for å "ete kirsebær med dei store" siste åra. Ein annan som bør nemnast, er min flinke instruktør Silvia, som kvar veke køyrer til Volda og hjelper oss vidare på ferda - i all salgs vêr året rundt!
Hvem er din favoritt tegneseriefigur?
Pondus!
Hva er det største du har oppnådd?
Pokemann har vorte Noregsmeister for fjordhest (senior) to gangar, og tatt gull i Nordisk fjordhest i allround og dressur. Han har også sølv og bronse frå Vestlandsmeisterskapen i køyring, og gull frå Vestlandsmeisterkapen i dressur (MB). I tillegg har vi vore kretsmeister fire gangar, cupvinnar dressur to gongar og har mange sigrar på MB-nivå både på D- og L-stemner.
I fjor toppa vi endåtil NRYF sin senior dressurranking på eit tidspunkt. Å kunne debutere i MA etter sju års beinhardt arbeid for å lære hesten reine changement var òg svært stort for oss!
Hvem betaler for moroa?
Det gjer eg sjølv.
Når falt du sist av?
Det var den første og einaste gangen eg har ramla av under eit dressurstemne, og det skjedde endåtil på heimebane i Volda. Datoen hugsar eg ikkje, men det er eit par år sidan no. Thoke var supersprek og spooky, og starta programmet med ein bukksprangserie opp midtlinja.
Hadde det vore trening ville eg avbrutt linja og fått han på andre tankar, men sidan vi var i ein konkurransesituasjon så var tankane mine allereie på veg inn i neste øving. Så då sat eg der i grusen plutseleg, medan hesten lykkeleg hoppa over railen og gjekk bort på oppvarmingsbana. Hoho, dette var einaste gangen han har klart å få meg av, og gudane skal vite at han har hatt MANGE forsøk opp gjennom åra!
Ditt verste fall?
Mitt verste fall var faktisk frå vogn, i sluttfasen av innkøyringa av Pokemann. Han var stabil og flink i arbeidet, og dette var vår fyrste køyretur utan medhjelpar. Det gjekk kjempeflott, heilt til han vart skremt av ein skiløpar og sprang til skogs med vogn og alt. Det var ikkje ein behageleg tur for nokon av oss, for å seie det slik.
Men med litt jobb så vart han fint køyrbar etter hendinga, og han har konkurrert i køyring sidan 2005. Eg lærte at det alltid er praktisk å vere to når ein køyrer, sjølv om dette sjeldan let seg gjennomføre i praksis her eg bur.
Har du konkurrert i noen andre grener?
Feltritt, gymkhana, køyring, sprang.
Gåtur i fjellet eller chartertur i syden?
Drømmer stadig om sydentur. Men det var det å finne tid til å reise då.
Beste sommerminne?
Sommarane for meg er å reise lang og strand rundt på stemner, og drive slåtten på garden heime. Sommaren i fjor må seiast å vere tilnærma perfekt, med strålande sol frå skyfri himmel dag ut og dag inn.
Hva er ditt største mål?
Å kunne starte ein hest eg har utdanna sjølv under NM dressur, og få representere Noreg i dressur i VM og OL. Ambisjonar må ein ha!
Vasker du dine egne klær?
Haha, ja!
Hva slags mobiltelefon har du?
iPhone5S
Hvilket TV-program kan du ikke gå glipp av?
Lang liste! Kjem meg gjennom vinterhalvåret i godt selskap av Game of Thrones, Castle, The Vampire Diaries, The Originals, Greys Anatomy, Grimm, The Big Bang Theory ++
Hvorfor den grenen du holder på med?
Fordi hestane eg har no har størst kapasitet innan dressur. Det er veldig gjevande å meistre ulike øvingar, og bygge stein på stein for å kome seg oppover i klassene.
Trur eit av mine stoltaste øyeblikk fann stad då eg klarte å ri ein changementsserie for første gang på ein hest eg hadde utdanna sjølv! No er vi i full gang med innlæring av enerseriar, og eg håper Thoke får vist dei fram på stemner ein gang i framtida. Det er som det vert sagt: når ein held på med hest vert ein aldrig utlært, for dess meir ein lærer dess meir forstår ein at ein ikkje kan.
Hvilken gren syntes du er mest fascinerende bortsett fra dressur? Firspannkøyring ser jo ganske tøft ut, og voltige på toppnivå er veldig stilig.
Hvis du kunne stille deg selv et spørsmål, hva ville det vært og hva ville du svart?
Korleis leve av hestesporten i Volda? Svaret er litt meir ope. Gode forslag mottas med takk!
Hvor lenge ser du for deg at du kommer til å holde på med hest?
Eg vil alltid halde på med hest! Det er det som får meg ut av senga om morgonen.
En hendelse du aldri glemmer?
Gjennom eit etter kvart langt liv i hestesporten har det vore mykje minneverdig som kunne vore trekt fram, frå Pokemann og Thoke sine fyrste reine bytter til flotte prestasjonar på konkurransebanene.
Noko eg likevel tykkjer var ekstra kjekt, var då eg vart tildelt chief steward sin hestevelferdspris under Fjordhest NM 2013. Etter å ha fått problemer i maraton, som førte til at eg valde å trekkje meg, så fekk eg tildelt den, etter mitt syn, kanskje gjevaste prisen under arrangementet. Det var stas, og eit ”plaster på såret” for ein NM-tittel som glapp.
Hvorfor har du valgt å beholde og prioritere trening og konkurranser med en fjordhest, når du har en høyt utdanna varmblodshest i tillegg?
Dette er det nok somme som lurer på. Sanninga er vel den at med ein god fjordhest så kan ein kome (omtrent) like langt som med ein varmblods. Så lenge hesten har arbeidsvilje og pågangsmot, og vert rett trena.
Pokemann har til dømes ei lang liste over stemne der han har slått Thoke i både LA og MB. Det er vel heller regelen enn unntaket. Mange sit kanskje med fordommar mot den eller den rasen, som liksom skal vere sånn og slik.
Til desse vil eg seie: alle hestar er ulike individ, like ulike som alle menneske. Om ein hest har vore lat eller frekk, vil det ikkje seie at alle hans artsfrendar er likedan. Har du til dømes aldri ridd ein god fjordhest, lån ein og prøv! Kanskje vert du overbevist om at biletet er meir nyansert enn du trur.
Hvordan får du dagene til å henge sammen, med full jobb og så mange reiser?
Gjennom nøye planlegging! Eg rir begge hestane dagleg, bortsett frå ein fridag i veka til kvar. Vi rir for instruksjon ein dag i veka, og resten vert variert eigentrening. Då tek vi oss turar i skog og mark, og varierer med dressur, sprang og køyring for å halde arbeidsmoralen på topp.
Vi har berre tilgang på utebane, så all aktivitet går føre seg utandørs i all slags vêr. (Eg er nokså sikker på at både folk og dyr er i ferd med å utvikle gjeller etter den forsommaren vi har hatt i år…)
I helgane er vi som regel ute og reiser, anten på treningssamlingar eller stemner. Det vert ein del reisedøgn i året, men på den måten får ein treft mykje kjekke folk. På stemner får eg som regel god hjelp frå min sambuar, som fungerer som hestepasser/kameramann/sjåfør når det trengst.
Hva er ditt neste mål?
Kommande helg reiser eg og Pokemann til Førde på D-stemne i køyring, for å finpusse forma framfor Nordisk meisterskap for fjordhest i Sverige i juli. Resten av sommaren vert roleg for begge hestane, noko som trengs etter ein intensiv konkurransevår.
Eg vil halde fram å finpusse MA-forma til Pokemann, så vert det kanskje fleire startar på dette nivået til neste år. Om Thoke klarer kvalifiseringskrava, vert han vonleg snart å sjå i VB.