Rå fart med Tulla
Ein torsdag morgon før AEG køyrde ein buss full av hestelinjeelevar frå Mo og Jølster vidaregåande skule i Førde over eit såpeglatt Filefjell til AEG. Bak rattet sat kusk og hestelærar Harald Løftuft, og bak bussen, på hengar, stod fjordhesten Findslands Norgrima, best kjend som Tulla, saman med nista si stabla i fleire høyballar.
Turen tok tolv timar inkludert ventetid før bussen fekk køyre over Filefjell, ventetid ved ei bilulukke samt ein times pause då Harald køyrde tilbake for å hente alle AEG- billettane han hadde gløymt. Då bussen med skravlande hesteelevar omsider kom fram, prøvekøyrde Harald Tulla på arenaen.
– Det er min første tur på AEG. Eg vart litt kry då eg vart spurt om å delta, og sa ja på flekken. Hesten vart godt trena i vinter, mest takka vere Trine Paulsen, og eg har trena litt sjølv også etter at eg vart spurd om å delta.
Trine Paulsen var groom for Tulla under AEG, hestelærling på Mo og den som for det meste trenar Tulla. Ho har grooma for Harald både i NM i køyring og eit køyrestevne på Mo. Ho forventa at det vil gå fort, men var ikkje nervøs. Tidlegar har ho vore på AEG som tilskodar.
Heit merittliste
Ein månad tidlegare fekk Harald Løtuft spørsmål frå Fjordhestlaget om han kunne tenke seg å stille saman med Tulla på showet Norske Hesterasar på AEG fredag og lørdag kveld. Han sa sjølvsagt ja.
– Eg hamna her på grunn av ein hest med stor fart som har gjort det bra i fartsdisiplinar i NM og Fjordhest NM, seier Harald som er kjent for krappe svingar, stor fart og å vere ein som tek sjansar.
Han meiner at lang fartstid frå slalåmbakken har vore med å påverke han til å bli ein betre kusk. Slalåm var det store før han vart hekta på hest. Tulla vart innkjøpt til dottera, men viste seg snart å ha uvanlege eigenskapar i maraton og presisjon. Ein tidlegare eigar ville slakte henne fordi dei meinte ho var galen, men Tulla var berre heit.
No har den seksten år gamle hoppa to sølv frå NM og har vunne maraton og presisjon i Fjordhest-NM fleire gonger. Den som vinn køyringa samanlagt blir noko som kallast grenmaister i køyring. Det har Harald vore to gongar, i 2009 og 2010. Maraton på Fjordehest NM har Tulla og Harald vunne alle dei fire gongane dei har delteke, og i 2011 vart Harald og Tulla vestlandsmeistrar i køyring uansett klasse.
– Eg har litt sommarfuglar i magen, men veit kva eg går til, sa Harald før showet fredag.
– Det er ei presisjonsbane med elleve kjegler og to maratonhinder slik det bruker å vere på innandørsstemne. Riv vi ned ballen som ligg på kjeglene får vi straffepoeng i form av ekstra tid.
Han var travel med å kome seg avstad til stallområdet der Tulla stod oppstalla saman med store brune, samt fleire fjordhestar, døl og nordlandshest/ lyngshest som også skulle delta i Norske Hestarasar-showet.
Dundrande siger på AEG
Harald Løtuft er autorisert banebyggar, og seier bana er bygd slik for at hestane skal få opp farten. Jo knappare svingane er, jo vanskelegare er det og ein må velge om ein vil late det stå til eller sakke på farten.
– Eg køyrer alt, men det er maraton og presisjon vi er flinkast til. På AEG skal vi vise fram noko morosamt: ein hest i stor fart som kan vende rundt og halde galoppen. Det er der ein ser om hestane har god kvalitet, seier han.
Første showet gjekk av stabelen fredag kveld, og mange tilskodarar reagerte på gjennomføringa. Både musikkstyring og speaker var langt frå å halde det nivå ein kan forvente seg på eit stemne som AEG, iallfall om målet er å få opp interessa for dei norske rasane. Kontrasten vart stor til profesjonelt gjennomførte sprang- og dressurklassar, og bar eit litt for tydeleg amatørpreg.
Lørdagen gjekk showet mykje betre, og det var tydeleg at denne kvelden var betre planlagd frå arrangørane si side. Kusk Harald Løtuft, groom Trine Paulsen og Tulla stakk av med ein suveren seier over ekvipasjane av nordlands/ lyngshest og døl og viste publikum korleis ein køyrer raskt og presist med fjordhest.
Ingeborg Eldegard, elev ved hestelinja på Mo og Jølster, har satt sammen en liten film fra deres tur på AEG. Ett minutt ute i filmen kan du se Tulla i aksjon.
Einar, toar og trearhestar
- Kva skal til for å bli så god i maraton som du og Tulla?
- God hestekunnskap. Ikkje hopp over noko, og ver god på å handtere hest både på bakken og som kusk. Du treng også ein god hest som er lang i ryggen, mjuk og med god framdrift. Det er ikkje nok med god framdrift. Eg vil anslå at tjue prosent av fjordingane har ei framdrift som er god nok for slike konkurransar, seier Harald.
- Korleis finn ein rette hesten?
- Ein hestekar sa til meg at ein kan dele hestane inn i tre når ein ser dei. Gruppe ein er einarhestane, gruppe to er dei som er gode nok, og gruppe tre dei som ikkje er eigna til køyring, men som kan vere veldig gode til anna bruk.
Harald fortel om hestekaren som viser seg å vere eit av hans største førebilete.
- Hestekaren som lærte meg systemet med rask analyse av hestar (ein, to og trearhest) heitte Jon Lund. Han var ein av mine forbilder i køyresporten den gongen eg var fersk. På eit av første stemna eg deltok i reiv eg ekstremt mange ballar i presisjonsløypa og følte eg hadde dumma meg veldig ut. Farten var for stor i forhold til mine ferdigheiter. Likevel kunne hestekaren Jon fortelle meg seinare på dagen at hesten min, Tulla, var noko med det største talentet han hadde sett, ein opplagt einarhest.
- Litt vantru tok eg det han sa til meg, men lurte vel litt på om han sa det for å trøste. Det gjekk ikkje lang tid før mine ferdigheiter var oppgraderte, og Jon Lund fek veldig rett. Jon Lund er derfor eit av mine forbilder. Han hadde ein hest på den tida som var i ferd med å avslutte køyrekariera. Hedda Gabler heitte ho, var ein fjordhest og var saman med Jon ein av dei beste køyreekvipasjane på den tida.
Skuld ikkje på hesten for dårleg kusk
Jon gav også Harald eit svært godt råd: skuld ikkje på hesten om du sjølv ikkje kan køyre:
- Eg hugsa at då han fortalte meg om talentet til Tulla var det ein konkurent som bemerka kvifor han kunne sei at hesten var så talentfull etter så mange riv. Jon svarte da at det var da ikkje hesten sin feil.
- Har du andre gode råd på lager?
- Bruk god tid og allier deg med ein som kjenner bransjen godt. Dei aller beste er så heite at dei ikkje er så lette å handtere før ein sjølv er på eit bra nivå, så start med ein toar eller trearhest. Og lær deg dressurkøyring. Denne må kome før farten.
Søndagen drog Harald og Tulla den lange vegen tilbake over fjellet saman med hesteklassen frå Mo. I kjent hestestil brukte dei kortare tur på heimvegen, berre åtte timar. No er den uredde kusken gira på å kome tilbake til AEG.